Program 2024

Torsdag

01.08.24

Program kjem snart!

Fredag

02.08.24

Pom Poko

Ævestaden

+ meir program kjem snart!


Laurdag

03.08.24

Sondre Lerche

Harald Lassen

Solveig Wang

+ meir program kjem snart!

Sjekk ut Spotify-lista vår med låtar frå årets Sommarljom-artistar! 

Skroll nedover for å lese meir om årets musikarar.

Sondre Lerche

Laurdag 3. August
Ytre-Hovden 

Sondre Lerche har sidan 2001 vore ein av landets mest framgangsrike og allsidige artistar og låtskrivara. Hans debutalbum "Faces Down" mottok Spellemannprisen for Årets Nykommar i 2002, og blei i tillegg kåra til eit av årets beste utgjevingar av amerikanske Rolling Stone Magazine. Lerche har sidan dette turnért utstrakt i heile verda og sœrleg USA, der han budde frå 2005 til 2020. Han har opptredd på David Lettermans Late Night show to gangar, og har i tillegg til 10 studioalbum og utallege EPar komponert filmmusikk den amerikanske storfilmen Dan In Real Life, samt Sundance-indiefilmen The Sleepwalker. I 2018 skreiv og produserte han også songar for Fantorangen. 
Lerche slapp nyleg «Avatars Of The Night» som inneheld remixar, tolkingar og samarbeid med andre artistar som Lindstrøm,William Basinski, Kringkastingsorkesteret, Daniela Reyes og Maria Kannegaard Trio, i tillegg til eit par nye låtar og en Lillebjørn Nilsen-cover. I haust utkom også albumet Understudy med tolkingar av det siste tiårets største hits, deriblant songar av Taylor Swift, Ariana Grande, Drake og Bob Dylan.

Foto: Johanna Siring

Ævestaden (NO/SE)

Fredag 2. August
Ytre-Hovden 

Den svensk-norske trioen debuterte med albumet "Ingen mere gråter" på Heilo, Grappa i 2021. For dette albumet vann dei samme år Folkelarmprisen i open klasse. Med det tradisjonelle og det moderne knytt saman, på saumlaust vis, fekk gruppa raskt ein plass på folkemusikkscena —og med tida har oppmerksomheita ekspandert. Dei har mellom anna i 2022 utgitt ein samarbeids-EP med indiebandet Benedikt, “Jag är sen igen”, på Koke Plate. Denne utgivinga vant dei TONOs Edvardprisen for i kategorien Tekst. Ævestaden har vore å høyre på mellom anna By:Larm, Førdefestivalen, VillVillVest, Festspillene i Bergen, Festspillene i Nord-Norge, BLÅ, John Dee og på Midgardsblot. Utanom Noreg og Sverige har dei også spelt i Polen, Frankrike, Skottland, England, Tyskland, Danmark og Belgia. Dei har spelt support for Valkyrien og Sara Parkman ved fleire anledninger. Nyleg også for Ingrid Olava.

Deira varierande instrumentkombinasjonar, med lyrer, fele, kantele, vokal, munnharpe og elektronikk, opnar opp eit unikt lydbilde når tidlause harmonier, og lag med minimalistiske motiv, skapar ei open og atmosfærisk verd.

Kenneth Lien - kraviklyre, munnharpe, vokal

Levina Storåkern - kohorn, fele, kantele, vokal, elektronikk

Eir Vatn Strøm - vokal, kraviklyre, elektronikk

Foto: Lamia Karic

Pom Poko

Fredag 2. August
Ytre-Hovden

Spellemann-nominasjonar, Gramart-stipend, nominasjonar til Bendiksenprisen, Edvard-prisen og Nordic Music Prize, utselte konsertar rundt om i Europa, spelelistingar på radiokanalar som BBC6, Triple J og flere, og ikkje minst: ein fantastisk mottakning av debutalbumet Birthday som mellom anna vart kåra til "Årets beste norske album" i Aftenposten. Pom Poko har i tillegg til å markere seg med sine utgjevingar også gjort seg godt bemerka som eit av Noregs mest unike liveband.  

Foto: Jenny Berger Myhre


Harald Lassen

Laurdag 3. August
Ytre-Hovden 

Multiinstrumentalist Harald Lassens er ein av profilane i norsk no-jazz og har verkeleg fått fotfeste med sine to siste bejubla album og ikkje minst liveopptrednar. «Haralds musikk er jazz, men jazz med en annen form og farge. Musikk som bare kan komme fra et fritt og åpent sinn», skreiv internasjonal musikkpresse då det Spellemannsnominerte albumet Human Samling kom i 2020. No er han tilbake med eit nyoppussa band og det Spellemannsnominerte albumet Balans der vi møter ein improvisatør og låtsnekker som inviterer lyttara og medmusikantar til å romstere i det han har skapt og ein kunstnar som har forstått at den einaste gyldige smaken er den personlege. Saman med ein herleg og djupt sjelfull gjeng sentrerer Lassen musikken rundt sine medrivande låtar og tek lyttaren med på forløysande eventyr. Jordet og atmosfærisk på en gang. Stort alvor og lure smil! Utover sine røter i norsk jazz kjenner vi også Harald Lassen frå samarbeid med Sondre Lerche, No. 4 og Susanna Wallumrød, blant mange mange andre. Med seg har han musikara som setter sitt preg på artister som Fieh, Daniella Reyes. 

Harald Lassen – saxofon, fløyte, piano

Solveig Wang – synth

Sander Eriksen Nordahl – gitar

Stian Andersen – elbass

Tore Flatjord – trommer

Foto: Gedvile Tamosiunaite

Solveig Wang

Laurdag 3. August
Naustet i bugafjøra

Solveig Wang er ein multi-instrumentalist og artist som har satt sitt preg på den norske musikkscena med sitt elektroniske fargeskrin. Med musikalske prosjekter som spenner over fleire sjangre, er ho kjent for si allsidigheit og unike musikalske uttrykk.

Du kan høyre Solveig Wang i den improviserende, elektroniske trioen Nothing Personal, med soulbandet Fieh, med jazzsaksofonist Harald Lassen eller visepop-bandet Masåva. Ho har ei unik evne til å berike ein kvar musikalsk samanheng ho er ein del av. 

På Sommarljom tek ho med seg et utvalg synther og maskiner med eit sett inspirert av r&b, impro og elektronisk musikk.

Kjøp morgonfugl-billett på Tikkio.com! 

Using Format