Praktisk informasjon om Sommarljom 2020
Kvar og når?
Sommarljom går av stabelen utandørs på ein gard i Ytre-Hovden onsdag 5. - fredag 7. august 2020. Adressa er Ytrehovdevegen 98.
Dørene opnar kvar dag kl 18.00, konsertstart kl 19.00
Billettar
Dagspass er tilgjengelege på Tikkio.com
Dagspass onsdag 400 kr
Dagspass torsdag 300 kr
Dagspass fredag 300 kr
Born under 12 år kjem inn gratis.
Parkering
Det er mogleg å parkere ved Hovden Møbel (Ytrehovdevegen 77). Sjå under for kart!
Frå Hovden Møbel er det eit par hundre meters gange, vi set opp skilt.
Sidan det er begrensa med parkeringsplassar oppmodar vi om samkøyring og sykling dersom vêret tillet det.
Smittevern
Vi følger retningslinjene om smittevern. Hald éin-metersregelen, antibac vil vere tilgjengeleg på festivalområdet. Det er svært viktig å halde seg heime om du har symptom, det vert festival neste år også!
Ikkje universell utforming
Garden i Ytre-Hovden har ikkje universell utforming. Sidan festivalen går føre seg på i ein bakke kan det vere utfordrande for rørslehemma og dei som er dårlege til beins å kome seg fram til spelestaden. Ta gjerne kontakt på førehand om du treng hjelp eller har spørsmål rundt dette. Sommarljom(a)gmail.com
Ymse
Publikum står eller sit ute i ein bakke, så kle deg etter vêret og ta med sitteunderlag! Myggspray kan òg vere ein idé!
Arrangementet er alkoholfritt.
På Sommarljom kjem i år ein foodtruck fra Gode Greier i Ulsteinvik som serverer lokalmat.
Nytt av året er festivaltoalett!
Kontakt oss på sommarljom(a)gmail.com om du lurar på noko anna!