Om oss


Sommarljom 2023 går av stabelen på ein gard i Ytre-Hovden og i eit naust i Bugafjøra 26. - 28. juli! 

Sommarljom er ein årleg musikkfestival i Ørsta på Sunnmøre. På Sommarljom opptrer musikarar som jobbar innan mange ulike sjangar som til dømes folkemusikk, jazz, klassisk, pop, electronica og country på same scene. Publikum får oppleve variert musikk av høg kvalitet i unike og intime lokaler.

Bakgrunnen for festivalen var eit spontant initiativ i 2011 fra to utflytta musikarar, operasongaren Karen Rosenberg Olsen og kontrabassist Audun Ellingsen. Dei såg at det var lite eller ingenting av kulturtilbod i fellesferien i Ørsta. Dei stabla då på beina ein konsert på kort varsel, og gjentok det sommaren etter. Festivalen har dei seinare åra vekse i omfang, og i år presenterer Sommarljom ni ulike band og artistar over tre dagar.

Namnet Sommarljom kom då publikum vart spurde om å tenkje ut forslag til kva denne festivalen kunne heite. Ordet «ljom» kan forklarast som ein «kraftig, vedvarande gjenklang, f. eks. mellom fjellveggar» og det ynskjer me å vektlegge, det akustiske og resonante og tilknytninga til naturen.

Per 2022 er styret samansett av Torgeir Hovden Standal, Henrik Koppen og Sunniva Redse Mjaaseth.

Sommarljom 2022 er støtta av Norsk kulturråd, Møre og Romsdal fylkeskommune, Sparebanken Møre, Sparebank1 Søre Sunnmøre, Norsk Jazzforum, Samspill International music network,  Tussa Kraft, Ørsta Røde Kors,  Elektroservice, Bjørdal Bil,  og Vik Ørsta


Using Format