Program 2023
Onsdag 26.07.23
* 14.00 - 16.00 Lyrikk-workshop for born med Lyriaka Ivar Aasen-tunet (GRATIS)
* 18.00 Festival-kickoff i naustet i Bugafjøra med kunstnarsamtale, yoga og sveler!
Torsdag 27.07.23
YTRE-HOVDEN 18.00 - 23.00
* Skarbø Skulekorps
* Nothing Personal
* Louilexus + Åse
BUGAFJØRA 13.00 - 15.00
* HanneJanne duo (performancekunst)
* Thea Wang (solo-konsert)
AASENTUNET 12.00
* Borne- og familie-konsert med Lyriaka i Aasentunet GRATIS
Fredag 28.07.23
YTRE-HOVDEN 18.00 - 23.00
* Reolô
* Selma French Bolstad
* Bjørn Tomren
BUGAFJØRA 13.00 - 15.00
* Finn Adrian Jorkjen (performancekunst)
* Øyvind Skarbø + Stian Omenås (konsert)
* Hans Hulbækmo (solo-konsert)
Sjekk ut Spotify-lista vår med låtar frå årets Sommarljom-artistar!
Skroll nedover for å lese meir om årets musikarar!
Bjørn Tomren
Ytre-Hovden fredag 28.07
Hausten 2021 imponerte Bjørn Tomren heile Noreg som den mest særeigne artisten i den populære NRK-serien “Stjernekamp”. Med sitt unike uttrykk og si eineståande formidlingsevne rakk Tomren på kort tid å bli folkeeige, og vart omtala som den “kuleste artisten i Stjernekamp gjennom tidene”. Bjørn fulgte opp tv-suksessen med ein lang turné og utselde konserthus over heile landet, noko som kulminerte i tre fullstappa konsertar i Oslo Konserthus.
Artisten, låtskrivaren og komikaren frå Tomrefjorden er også kjend frå den notoriske jodle- og trekkspel-duoen Polkabjørn og Kleine Heine, som mellom anna har varma opp for a-ha og blitt stjerner i dokumentarfilmen om seg sjølv, “Kunsten å jodle”. I 2019 gav Bjørn ut sitt første album, “Bad Science Fiction” til overveldande kritikkar. Avisa Bergens Tidende karakteriserte plata som “så mørk at man kan drukne i den”. Tomren sjølv kallar det dystopisk sci-fi country som du kan lytte til i bakrus.
Som ei av landets mest allsidige musikarar spenner Tomrens musikalske rekkjevidde frå americana og religiøse folketonar til jazz, viser, jodling, strupesong, dialekt-punk og psykedelisk protest-musikk.
Foto: Marthe Amanda Vannebo
Louilexus + Åse
Ytre-Hovden Torsdag 27.07
louilexus er ein duo fra Volda som er kjent for eigenproduserte, ektefølte og tekststerke låtar, samt energiske live-shows. Sidan debut-EPen «Om mej og om mej» har dei spelt på ei rekkje festivalar samt sett opp solokonsertar med gjesteopptredenar. Dei har bygd ei sterk fanbase, med kjerne i Volda og Oslo.
Dei har blant anna vore support for Kjartan Lauritzen på venues som Samfundet i Trondheim, Rockefeller i Oslo, og USF Verftet i Bergen. Dei selde nærast ut sin første solokonsert på Dattera til Hagen i Oslo kort tid etter. I 2019 ga dei ut ep’en “lol” som fekk gode omtaler i publikasjonar som Bergens Tidende og Natt&Dag, samt plasseringer på fleire av Spotify sine lister. Sidan dette har gruppa regelmessig gitt ut nye singlar, og vore med på samarbeidsprosjekt med artistar som 06 Boys, Eirik Aas, Jouska, Åse, Kakaosimon og Vibbefanger.
I mai slapp dei sitt første og lenge etterspurde full-lengde album “FULL LENGDE DELUXE” saman med artisten Åse. Åse er eit rapkonsept frå Åsmund Halleraker (21), som har flytta frå heimbyen Bergen til Oslo. Åsmund har drive aktivt med musikk i mange år, men stort sett under radaren. Sjangeren han har drive med tidligare kan kanskje best beskrivast som rock/singersongwriter, men han har no forvilla seg inn i raplandskapet og hadde sin debutkonsert med det nye konseptet i fjor. På grunnlag av Åse sine forrige prosjekt og innflytelse frå andre sjangrar har han ei sterk forkjærligheit for organiske instrument i samspel med det elektroniske, og har integrert mykje av det i sin eigen musikk.
Nothing Personal
Ytre-Hovden torsdag 27.07
Nothing Personal er eit kollasjprosjekt beståande av Dorothea Økland, Thea Emilie Wang og Solveig Wang. Bandet omfamnar eksperimentelle poplåtar, frie improvisasjonstrekk og field recordings, og musikken kan skildrast som eksperimentell pop med element frå jazz, R&B og elektroakustisk musikk. Etter at dei i fjor slapp debutsingelen One Second, kalla Audin Vinger bandet for “en veiviser til framtiden for norsk musikk”. Nothing Personal miksar ukonvensjonelle element og serverer lyttarane ein live lydkollasjon som vert til i noet. Tilnærminga til musikken er som i ein forskarlab der dei tre musikarane undersøker lydar, låtar og effektar. Nothing Personal tek lyttaren med i utforskinga av kva som er personleg i musikken. Er det teksta til ei poplåt, ein field recording av ei grandtante som syng, eller ein sungen melodi med autotune? Konsertopplevinga er akkopagnert av Tobias Guldbrandsen sine visuals som gir musikken og lyttaropplevinga ein eigen dimensjon.
Nothing Personal blandar synth-støy, stramme vokalharmoniar og glidande beats. Solveig Wang,Dorothea Økland og Thea Emilie Wang utforskar dee vage romma mellom det analoge og digitale, og dekonstruerer låtskriving. Du kan vente deg sprudlande synthlydar i konkurranse med luftig klarinett, flyktig perk, krydra med fengjande melodilinjer.
Foto: Jonathan Vivaas Kise
Skarbø Skulekorps
Ytre-Hovden torsdag 27.07
Øyvind Skarbø er ein trommeslagar og komponist frå Stranda som i 2019 fekk i oppdrag å lage eit tingingsverk til Nattjazz i Bergen. I dette høvet sette han saman eit heilt nytt band under namnet Skarbø Skulekorps der medlemma kledde seg opp i skulekorpsuniformar kjøpt på Finn.no.
Her er alle spor etter sousa-marsjar og sur treblås reinska vekk. Med eit toppa lag sett saman av nokre av landets mest spanande musikarar får vi servert muskk og korps-estetikk i skjønn foreining. Fengjande og forutsigbart på same tid, med referansar til så mange sjangrar at det ikkje gir noko meining å prøve å kategorisere. Afrobeat med techno-bass? Samtidsmuskk for steel-gitar og banjo? 60-tals jazz med 80-tals synth? Skarbø Skulekorps er korpsmusikk slik du aldri har høyrt det før!
Erik Johannessen: trombone, elektronikk // Stian Omenås: trompet, perk, synth // Mari Kvien Brunvoll: vokal, elektronikk // Ivar Grydeland: gitar, pedal steel // Chris Holm: bass, synth // Øyvind Skarbø: trommer // Eirik Hegdal // Hans-Olav Molde: lyd
Foto: Jonas Boström
HanneJanne DUO (performance-kunst)
Bugafjøra torsdag 27.07
HanneJanne duo består av kunstnarane Hanne Nystrøm og Janne Aass, som begge har vore tilknytta PAO (Performance Art Oslo) gjennom ei årrekke. Det var gjennom PAO dei møttest og fekk sansen for kvarandre sine performative uttrykk, noko som har resultert i eit samarbeid der opptredenen på Sommarljom vert det tredje i rekka.
Tidlegare har dei synt prosjekta sine saman på PAO-festivalen (2021) og ved Haugar Kunstmuseum (2021) der dei utforskar ulike samtids-problemstillingar, som til dømes masseutrydding av artar, og korleis skjønnheits-industrien påverkar oss, og korleis ei endelaus rekkje av opplevingar tek bustad i kroppane våre og kjem til uttrykk på ulike vis.
Foto: “Also This Shall Pass” på PAO-festivalen i Oslo i 2021
Foto: Jannik Abel
Thea Wang
Bugafjøra torsdag 27.07
I fjor haust ga thea wang ut debutalbumet sitt “While He Is Still Asleep” samtidig som ho var opener for AURORA på hennar europaturné, og i 2023 også support for delar av verdsturnéen hennar. Musikken til thea wang har fått strålande mottaking frå mellom anna BT, VG, P3, P6beat i Danmark, Aftonbladet og P3 i sverige og andre internasjonalle bloggar. Med ein vekselvis styrke og sårbarheit syng ho om å vekse opp - å gje slepp på den ein var, i møte med den ein er i ferd med å bli. Her møtast moderne pop-sensibilitet og singer-songwriter-tradisjon i eit rørande knutepunkt, med eit intimt og analogt lydbilete “forsterket ganer ti av wangs usedvanlige stemme” - BT mars 2022. Med mellom anna rotasjon på DR P6 beat i Danmark og P3 i Noreg er ho spådd ei lys framtid. “Tell Me About It” var første låt ut frå debutalbumet og er ein unikt sjølvsikker og kraftfull låt. Du får høyre meir til the wang på hovudscena i Ytre-Hovden torsdagskvelden då ho også er med i Nothing Personal!
Foto: Louise Hvas
Reolô
Ytre-Hovden fredag 28.07
Reolô er ein kvartett beståande av Anders Røine, Hans Kjorstad, Rasmus Kjorstad og Hans Hulbækmo, alle sprelske multiinstrumentalistar med base i norsk folkemusikk og den noko vage nemninga “opa klasse”. Dei ga ut plata “Andre sida” seinhausten 2019. Den vart kritikarrost og hamna på årets beste plater-lista hjå Klassekampen.
Musikalsk beveger bandet seg frå norsk slåttemusikk, via rocka groovar med inspirasjon til både Vest-Afrika og Amerika til reine energiutblåsingar. Eller som Arvid Sckancke-Knutsen i Klassekampen sa: «som om Velvet Underground i all hemmelighet hadde øvd i årevis i et stabbur».
Reolô er namnet på ei hulder som dukkar opp fleire stader i gamle historier frå Sødorp i Gudbrandsdalen. Som med huldra sjølv veit ein aldri heilt kva ein får - Reolô er uforutseieleg, groovy, leiken - til å bli trollbunden av. Foto: Johannes Selvaag
Selma French
Ytre-Hovden fredag 28.07
I august i fjor kom Selma French ut med sitt debutalbum «Changes Like the Weather in the Mountain» til strålande kritikkar. Albumet gir venlege nikk til den britiske folk-rørsla, men vitnar framfor alt om ei sterk stemme, så inni hampen seg sjølv, med unådige observasjonar av samtida. Utanom soloprosjektet har Selma French lenge vore synleg på norske konsertscener, då som vokalist og felespelar i Masåva og Morgonrode. I tillegg er ho å sjå som musikar i band som Frøkedal & Familien og som feature i The Switch.
Musikken visar hennar beundring for norsk og engelsk folkemusikk, med ein ny bodskap pakka inn i wurlitzer, hardingfeler og nokon high pitched koringar. Musikken beveger seg frå opne landskap som store fjell, til gøymde rom med hjarteskjerande skildringar om det enkle og såre. I bandet finn vi nokre av landets fremste improvisatørar og deira lydhøyre nærvere i musikken er ein essensiell bit av live-opplevinga. Christian Winther speler elgitar, Andreas Winther speler trommer, Erik Sollid speler hardingfele og korar, og Anne Ueland speler synth og korar.
Det siste året har Selma French og bandet spelt på mellom anna Øyafestivalen, Trænafestivalen, Moldejazz, By:Larm, Loaded, SPOT festivalen, og i juli kjem har du altså sjansen til å oppleve dei i Ørsta!
Foto: Eirik Havnes
Finn Adrian Jorkjen
(Performance-kunst) I naustet i Bugafjøra fredag 28. juli
Finn Adrian Jorkjen (f.1990 i Arendal) bur og arbeider i Oslo. Han har bachelorgrad frå Kunstakademiet i Trondheim og mastergrad frå Kunstakademiet i Oslo. Jorkjen jobbar med performance, tekst og video og er oppteken av problemstillingar rundt identitet, massemedia og det emosjonelle. Jorkjen jobbar kompositorisk med verbaltekst, lyd og bevegelege bilete.
Han har tidlegare synt arbeida sine ved festivalen Ravnedans (Kristiansand), Sørlandsutstillingen, Rosendal Teater (Trondheim), Kösk (Oslo) og Høstutstillingen 2022 der han vart kåra til årets debutant. Han er også ein del av performance-duoen Koppen & Jorkkjen med kunstnaren Henrik Koppen. Saman har dei hatt utstilling ved Heimdal kunstforening og synt performancar ved Kolbotn Garasje Galleri og Kunsthuset Kabuso (Øystese).
Fotograf: Sarah Fjørtoft
Lyriaka
Gratis workshop for born onsdag 26. juli i Ivar Aasen-tunet kl 14.00 - 16.00
Gratis borne- og familie-konsert torsdag 27. juli kl 12.00 i Ivar Aasen-tunet
Torsdag 27. juli vert det borne- og familie-konsert med Lyriaka! Dagen før, den 26. juli vert det ein skrive-workshop der born får møte Lyriaka og skrive tekstar som vert tonesett og framført på konserten dagen etter! Stad og nøyaktig tidspunkt vert annonsert. Korleis vert songar når det er born som har skrive teksten? Handlar dei berre om godteri og sjokolade? Dei tre musikarane i Lyriaka reisar mykje rundt på skular og barnehagar. Der finn dei dikt og rare tankar som dei set musikk til, og så vert det fine songar. det er Jon Arne Bjørnstad (gitar og vokal), Øyvind Fosgaard (keys) og Øyvind Gravdal (sax/fl) som utgjer trioen Lyriaka og trioen Mikkel og reverockerne. Gitar har dei med, keyboard, saksofon og fløyte, og i tillegg syng dei det finaste og morsomste dei kan. Lyriaka har gitt ut sju plater, og har vore nominert til fleire Spellemannsprisar, der dei også vann i kategorien beste barneplate i 1997 med “Livet i Lyriaka”!
Fredag 28. juli kl 13.00 vert det duo-konsert med Stian Omenås (trompet) og Øyvind Skarbø (slagverk) i naustet i Bugafjøra!