PROGRAM SOMMARLJOM 2020

Dørene opnar kvar kveld kl 18.00, konsertstart kl 19.00. Programmet varer til oplag 22.00

Jazzkvartetten WAKO speler på Sommarljom fredag 07.08! Foto: Signe Luksengard.

Onsdag 05.08

Kurt Johannessen

Birte Slettevoll

Øystein Greni & Social Distance Man

Torsdag 06.08

Eilert Hasseldal & Ingvild Loen

Burn For The Moon

Baksaas + Høyer


Fredag 07.08

Tiril Høydal

Særsvip

Wako

Jon Olav

ONSDAG 6. AUGUST

Øystein Greni & Social Distance Man

Onsdag 5. august.

Sommaren 2020 vert ei unik anledning til å oppleve Øystein Greni, (frontfigur i Bigbang) i duoformat med Petter Unstad (Kråkesølv). På grunn av Covid19-avlyste konsertar og festivalar måtte Bigbang parkere turnébussen for sommaren, difor reiser heller Greni og Unstad land og strand rundt og speler for folk i meir intime settingar. Med andre ord eit format som passar perfekt for Sommarljom i Ørsta! Publikum kan forvente godbitar frå Bigbang sitt rikhaldige arkiv, nokre høgdepunkt frå soloplatene til Greni, samt noko attåt. Me gler oss til å høyre dei spele onsdag 5. august! 



Birte Slettevoll

Onsdag 5. august

I løpet av dei siste åra har Birte Slettevoll tatt vare på eigneskrivne melodiar og tekstar som ho har arrangert for ei handplukka gruppe musikere. Musikken varierer mellom opne, solistiske partier der ein får høyre kvalitetane i kvart enkelt instrument, til det meir orkestrale. Tekstane er på dialekt og omhandlar alt frå store spørsmål og historier, til tankerekker gjort ved kjøkkenbordet. 

Med seg har ho musikere som spelar i Oker, OJKOS, Masåva, Skadedyr, Morgonrode, Kvedarkvintetten, og som har spelt i Oslo-Filharmonien og Den Norske Opera.

Birte Slettevoll (vokal, piano, trekkspel). Helga Myhr (fele, koring). Nora Hannisdal (valthorn, koring). Adrian Myhr (kontrabass). Øystein Aarnes Viik (trommer/perk).

Kurt Johannessen

Onsdag 5. august. 

Kurt Johannessen utforskar grensene mellom grafikk, installasjon, framføringskunst, ord og bilete, og lèt ofte kunstartane utfylle kvarandre. I 1984 debuterte han som framføringskunstnar på haustutstillinga i Oslo og har sidan markert seg som ein av dei fremste norske kunstnarar innanfor denne sjangeren.

Frå eit ekspressivt formspråk i 1980-åra vart uttrykket meir dempa og konsentrert i 1990-åra. Kunsten rommar ein slags stille intensitet, der det lett gripelege og enkle har komplekse undertonar som opnar for fleirfaldige tolkingar. (Fra Allkunne). Foto Petter Lønningen



TORSDAG 7. AUGUST

Baksaas + Høyer

Torsdag 6. august

Baksaas + Høyer er ein duo med to ganske ulike artistar: den eine er poet, den andre er DJ, saman utgjer dei eit band som utfordrar grenser. Deira organiske framstilling av rap og spoken word, house og tekno har eksplodert hjernar rundt i Noreg det siste året. I 2019 gav dei ut det monumentale dobbeltalbumet “Til alt ute”. 

Fredrik Høyer (f. 1988) er ein jazzpoet frå Drammen, som også har blitt kjent som framadstormande dramatikar, gatekunstnar og skodespelar, mellom anna frå førestillinga “Grønlandsūtraen” på Nationaltheateret. 

Bendik Baksaas (f. 1991) er ein av landets mest karaktersterke elektroniske musikarar. Ein minimalist til beinet. Med trommemaskin og sampler har han utvikla ein spelestil der leikenheit og presisjon let detaljane vere hovudattraksjon. I 2018 mottok han Osloprisen for årets album med plata “Duets”.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengård



Burn For The Moon

Torsdag 6. august

Noregsbaserte Mark Axiak, Ibou Cissokho og Bafana Isaac Nhlapo er arkitektane bak lyden av Burn for the Moon. Dei stammar frå forskjellige hjørner av planeten: Sydney, Senegal og Soweto og har funne kvarandre i den raskt veksande og internasjonaliserte musikkscena i Oslo. 

Burn For The Moon handlar om å vere fri musikalsk, ikkje bunden av sjangrar. Dei skapar sin eigen unike lyd, og dreg innflytelse frå alle verdshjørner. Burn For The Moon skapar ein fusjon mellom musikkstilar som afro, funk, jazz, rock og alternative. Med Bafana Nhlapo si kraftige og spirituelle falsett-stemme, er dei eit up-and-coming band som mange spent følgjer med på å i tida framover. 



Ingvild Loen & Eilert Hasseldal

Torsdag 6. august vert det klassisk konsert i Ytre-Hovden med Ingvild Loen og Eilert Hasseldal.

Ingvild Loen er ein norsk sopran frå Stavanger, utdanna frå Barrat Due musikkinstitutt og Operahøgskolen i Oslo. Ingvild er ein allsidig songar som tidlegare denne sommaren har vore å oppleve på Midtåsen kulturfestival i Sandefjord, der ho har gjort ei rekkje konsertar og førestillingar.


Eilert Hasseldal er baryton og født og oppvaksen i Oslo, der han også har studert ved Barratt Due musikkinstitutt og Operahøgskolen. Han var sist å sjå under Valdres sommersymfoni som forteljar i Stravinskij sin “Historien om en soldat”. 

FREDAG 7. AUGUST

Tiril Høydal

Det unge jazztalentet Tiril Høydal speler på Sommarljom fredag 7. august! I forkant av festivalen vil kvartetten Wako ha ein masterclass med henne, det vi får høyre på festivalen er resultatet av dette! 

Tiril Brenne Høydal er ei 18 år gammal jente frå Volda, som har spelt piano sidan ho var ni år. Ho har gått tre år på musikklinja i Volda, med Jon Inge Leira Bjøringsøy som pianolærar. 18-åringen er særleg glad i å spele jazz, særleg norsk og svensk. Ho er mellom anna inspirert av Esbjôrn Svensson Trio. Den unge musikeren har vore på ulike jazzkurs og mellom anna varma opp til Baker Hansen.



Særsvip

Fredag 07. august.

Folkemusikken og folkedansen kan vere gamal og ny på same tid. Tradisjon er ikkje tradisjon utan at den vert brukt av nye kroppar som legg sin personlegdom i utføringa. Å vere folkemusikar/dansar er arbeid med gamalt materiale i ei ny tid. Og den nye tida skal synast og høyrast.

Produksjonen - Særsvip - med Britt Elise Skram, John Inge Leira Bjøringsøy og Anna Liv Skjelten Gjendem er eit møte mellom ein folkemusikar, ein jazzmusikar og ein folkedansar. I dansekonserten får du både høyre, sjå og kanskje bevege deg til lokal folkemusikk frå Møre og Romsdal.

Foto: Mariann Grønsberg

Wako

Fredag 7. august

Wako er ein innovativ jazzkvartett med Kjetil Mulelid på piano, Martin Myhre Olsen på saksofon, Bárður Reinert Poulsen på kontrabass og Simon Olderskog Albertsen på slagverk. Dei siste åra har Wako framført sin sofistikerte og leikne jazz på scener over heile Noreg og Europa, i august kan dei opplevast i Ytre-Hovden i Ørsta!

Foto: Signe Fuglesteg Luksengård

Jon olav

Fredag 7. agust

Jon Olav fra Barstadvik vart for alvor kjend i heile landet då han vann P3 Urørt i 2018 der han utmerka seg med energiske liveopptredenar og solide vokalprestasjonar. Kort tid etter kom plata «Ung Poesi» ut med eit knippe livlege indierock-låtar med finurlige tekstar på sunnmørsdialekt. Denne våren har Jon Olav gjort ei heilomvending og slept singlane «Stupid» og «I Am the Thing» som går i retning av eit mørkare og meir eksperimentelt elektronika-univers. Me gler oss til å sjå å høyre kva han speler på Sommarljom i august!



Kjøp billettar no på tikkio.com! Vi har eit avgrensa antal billettar så det løner seg å vere tidleg ute! 

Using Format