YKS Ung «Villskap» 

Fredag 31. Juli, Gamlegymnaset

Villskap er eit nytt koreografisk arbeid av koreograf Solveig Styve Holte, utvikla saman med seks ungdomar i YKS Ung,komponistane Anja Lauvdal og Lars Ove Stene Fossheim, kostymedesigner Molly Raak og dansekunstnarane May Stene Fossheim, Ornilia Ubisse og Rina Rosenqvist. I YKS Ung får ungdom erfare kunstproduksjon frå innsida gjennom arbeidet som utøvarar og i samarbeid med ei rekke profesjonelle kunstnarar innan dans, kostyme og musikk.

Villskapkretsar kring det fleirrytmiske som finn stad i naturprosessar og korleis naturen tek tilbake eller har evna til å reparere seg sjølv etter menneskeskapte forsøk på kontroll og avgrensing. Kva om kroppane og fellesskapa våre har den same trongen – til å verte ville att, til å gje slepp og opne for meir komplekse former for samhandling, rytmar og forgreiningar? 

Villskaper den andre produksjonen gjennom YKS Ung, eit fleirårig kunstprosjekt der ungdom får arbeide skapande og utøvande med profesjonelle kunstnarar, eit talent- og rekrutteringsprosjekt knytt til Ysteholen Koreografiske Senter (YKS). YKS utvikles som ein tverrkunstnerisk produksjons, formidlings- og visningsarena og bygges opp i eksisterande gardsbebyggelse på Folkestad. Prosjektet YKS Ung bygger på tidlegare erfaringar med å arbeide med ungdom som utøverar som i verket «HORDE» skapt saman med koreograf Ingri Fiksdal til opninga av MUNCH i Oslo i 2021, med seinare versjonar utvikla for Kilden i Kristiansand i 2022 og KIASMA i Helsinki i 2023 og verket «Forteljingar» utvikla til Dei nynorske festspela i 2011.