Skatebård
Fredag 1. August, Gamle-gymnaset
Skatebård er ein norsk DJ, produsent og musikar innan elektronisk musikk, opprinneleg frå Hovdebygda, busett i Bergen. Han ga ut første albumet sitt, 'Skateboarding was a Crime (In 1989)', i 2002 og har gitt ut fem soloalbum, minst 20 vinyl-EP'ar/singlar og minst 30 remixar sidan det. Ellers har han mellom anna tre Boiler Room-sett på YouTube, og nærmare 100 dj-sett liggande på SoundCloud.
Har dei seinaste ti åra turnert ekstensivt rundt i Norden, Europa, Australia og Asia med. Han er kjend for ein særegen stil som blandar gammal rave og house med synthpop og italo-disco, alt i ei kosmisk ferge godt på veg til det ytre rom.