Sara Fjeldvær

Laurdag 1. August, Gamlegymnaset

Foto: Jørgen Krokan

Intim og nyansert låtskriving med varm instrumentering er det som karakteriserar musikken til singer-songwriter Sara Fjeldvær. Med distinkt vokal og treffande tekstar inviterar ho lyttaren inn i si folk-/popverd.

Fjeldvær vaks opp på Hitra i Trøndelagskysten, oppdregen i eit hus fult av instrumenter og inspirasjon. Ho byrja å skrive msuikk frå tidleg alder og brukte tenråa på å lytte til Mumford and Sons, Susanne Sundfør og hennar fars pianospel. Då ho som 16-åring flytta heimanfrå oppdaga og 60-/70-talsrocken med mellom anna The Who og Bob Dylan. I 2022 tok ho ein bachelor i utøvande Jazzvokal på Jazzlinja hjå NTNU i Trondheim og gav ut eit sjølvtitulert debutalbum (2021) og EP-en «Best Love» (2022). Båe innspelt i Nyhavna Studio i Trondheim, der ho samarbeida med produsent Mathias Angelhus og Teknikar Åsmund Arnesson Rise.

Aktiv turnering i Noreg og omegn har gitt ho eit stadig voksande publikum, særleg med utgivnaden av hennar andre album «Stars» (2024), duoalbumet «Like Waves» (2024) med Mathias Angelhus og tredjealbumet «Love and Other Songs» (2025). I haust mottok Fjeldvær den nyoppretta prisen Signalspiren av Det Norske Komponistfondet og Frida Ånnevik som heidrar komponistar som sett tydlege musikalske spor i norsk musikkliv, i tillegg til Adresseavisens musikkstipend 2026.

Høyr albumet hennar her!