GRATIS FAMILIEARRANGEMENT

〰️

GRATIS FAMILIEARRANGEMENT 〰️

Safaa Al-Saidi og Diego Belda

Søndag 3. August, Gamlegymnaset

12:00: Workshop i arabiske trommer

Dom Tek Orient er ein trommeworkshop baserrt på arabisk musikk og Safaa sine eigne songar og komposisjonar. Barna vil lære enkle og grunnleggande arabiske rytmer. Dei vil også leike med ord og språk. Safaa blandar alltid inn mykje tull, tøys og godt humør!

Sidan vi har 20 trommer, vil vi ta workshop i tre puljer. Så kom på det som passar! Der vil vere sirkusworkshop samstundes og kafè.

Første pulje: 12:15 - 12.45
Andre pulje: 13:00 - 13.30
Tredje pulje: 13:45 - 14.15


Målgruppe: Passar for barn i alderen frå 4 - 10 år
Gratis!

12:00: Sirkus-workshop med Diego Belda

Sirkusartisten Diego Belenda vil halde sirkusworkshop utanfor Gamlegymnaset. Her vil det vere opent for alle barn å kome innom for å prøve seg på sirkuskunstar. Alt i frå sjonglering, akrobatikk, klovning til balansering. Alt via. leik og morro.

Tid: frå kl 12:00 - 14.00
Målgruppe: Passar for barn i alderen 3år og opp

Sultanens Sønn er ein musikalsk og visuell forteljingsforestilling for born og familiar, full av sirkuskunst, nysgjerrigheit og kulturelle møte. Forestillinga kombinerer arabiske musikktradisjonar med ny-sirkus og inviterer barna inn i eit fantasifullt og leikent univers.

I forteljinga følgjer vi den unge Pancho Crovetto, som gjermer seg i lasten når sjøfarandefamilien hans legg ut på reise til Sultanen sitt rike. Der møter han Al-Aziz, sultanens son – ein gut med ein hemmelegheit. Gjennom song, musikk og sirkusnummer får vi vere med på ein magisk reise med glasglobus, flygande tepper og nye vennskap som veks fram på tvers av språk og bakgrunn.

Musikar Safaa Al-Saadi og sirkusartist Diego Belda har laga og framfører historia med originalmusikk og levande sirkuskunst.

15:00: Sultanens Sønn