Familieteater: Raices

Torsdag 30. juli, Røyslødå

Ei nær og vakker teaterframsyning om eit born som må flytte frå sitt heimland. Om søkjen etter å føle seg heime på framand jord, og om å finne balansen mellom gamle og nye røter. Kan ein vende tilbake til barndommen si glede over å klatre i tre, og finne ein heim i naturens pust? Ei personleg forteljing, som elegant vevar saman musikk frå Sør-Amerika, historieforteljing, sjonglering og balansekunst med varme, humor og djupt alvor. Av/med: Adrian Lara (musiker) og Diego Belda (sjongleringskunstnar)


Foto: Kristian Glomnes Selon, SEANSE