Don’t Feed the Sun

Laurdag 1. August, Røysløda

Don’t Feed the Sun er ein trio som fann kvarandre på Jazzlinja i Trondheim. Trioen består av Anna Ueland på synth, vokal og fele, Hermann Hestbek, OP-1 og elektronikk¸og Selma Edwards Granly på cello, elektronikk, basstromme og vokal. Dei debuterte med EP-en «Farvel, sol» i 2024, som vart til ved å invitere produsent Elling Svee til å bli med dei på ei hytte på Fosen. Den eigenkomponerte musikken inkludera også improviserte passasjar og er tydeleg inspirert av naturen. Med referansar til folkemusikk, nordisk jazz, elektronika og singer-songwriter-tradisjonen, tek trioen sikte på å skildre natur og musikk i vakker harmoni. Dei subtile tekstane utforskar tema som nærleik, optimisme, kjærleik, lengsel og sjølvinnsikt. Tekstane er skrivne både i samarbeid og individuelt, og speglar kontrastane mellom det direkte og det abstrakte.