Platin
Fredag 31. Juli, Gamlegymnaset
Foto: Shawn Arvind
PLATIN foreinar pulserande element frå 90-tals kollywood, energisk kuttu, klassisk karnatisk musikk, varme synthar og hip-hop- og smeltar dette saman til ein musikalsk essens som invitera like mykje til dans som til refleksjon. PLATIN sin musikk er skapt for seine kveldar, anten i kvilepuls eller i rørsle. Drive fram av insisterande rytmar, møter publikum nyskapande melodiar og atmosfæriske improvisasjonar.
På scena møtar du Mira Thiruchelvam på bambusfløyte, elektrisk gitar og elektronikk, Solveig Wang på synthar og klarinett, og Rino Sivanthas på trommer. Saman utgjer dei ein vital og nyskapande trio med musikalsk breidde og djupne, der kvart medlem bringar med seg erfaring frå ei rekke etablerte prosjekt som mellom anna 9 grader nord, Fieh, Harald Lassen, Sanyu, Karpe, Nothing Personal, Bliss Quintet, Gutu Abera og fleire andre.
Resultatet er eit uttrykk som følast både kjent og nytt – ei lydreise som balansera det rytmiske og det melankolske, det jordnære og det eksperimentelle.