Mira Thiruchelvam

Laurdag 1. August, Røyslødå

Foto: Francisco Munoz

Mira Thiruchelvam er ein fløytist, komponist og tekstforfattar frå Bergen, med Tamilske røter. Ho har bakgrunn i Karnatisk klassisk musikk, men har for det meste eksperimentert med musikken sin sjølvstendig. Dette har leda til fryktlaus og frigjerande komposisjonar, i eit lydbilete som blandar sør-indisk klassisk musikk, etnisk progressiv- og Ethio pop, med klare forbindelsar til hennar eigne familiære røter i Sri Lanka. I 2015 starta ho bandet 9 Grader Nord med systera Dipha Thiruchelvam, der ho komponera musikken, samt spela bambusfløyte og gitar. I 2020 vann ho Edvard-prisen i kategorien Utfordrar for bandets debutalbum Jaffna. Ho skapar også musikk for forskjellige prosjekt innan ymse sjangrar som HipHop, klassisk, jazz, rock, blues og folkemusikk. Ho har hatt stor suksess som produsent og arrangør for Gutu Abera sin musikk som har fått stor åtgaum i Etiopia. I sommaren 2022 var ho med som musikar i Karpe sine ti livekonsertar i Oslo Spektrum, som vart møtt med utrulege tilbakemeldingar og kalla «det vakraste showet i verda akkurat no» av Rolling Stone.