Madmax
Laurdag1. August, Gamlegymnaset
Madmax er eit framoverlent band starta av fire venar på jazzlinja i Trondheim. Med den eksotiske samansetninga tuba, synth, vokal, gitar, og trommer, og eit temmeleg nonchalant forhold til sjangergrenser, spelar bandet uredd musikk som eignar seg perfekt for både hemningslaus dans og kontemplasjon. Beskrive som «eksperimenterande og dynamisk kokko-rock», «jazzete og kunstnarisk matterock med tuba» (GAFFA.no), «psykadelisk pop» (Audun Vinger, Jazz i Norge), og «surrealistisk» (Radio Revolt), er Madmax ei liveoppleving litt utanom det vanlege. Bandet vart starta i 2022 og har sidan spelt konsertar på mellom anna Trondheim Calling, Oslo Jazzfestival, Dokkhuset Scene og Salt. Sommaren 2024 hadde dei sin internasjonale debut under eit arbeidsopphald på La Maison Matrice i Sveits. Her skreiv dei mykje av musikken som kjem på deira fyrste album: «We’re bringing dubstep back!». Albumet vart spelt inn i Studio Paradiso med Martin Tonne (Pom Poko) som produsent og teknikar, og vart gjeve ut på Jazzland Recordings 20. Mars 2026.
Anna Ueland - synther, vokal
Albert Rygh - gitar, vokal
Hermann Hestbek - tuba, effekter
Niklas Heide - trommer