La Vacanza

Laurdag 1. August, Gamlegymnaset

La Vacanza er eit bergens-basert band beståande av Sofia Guidi, Sjur Folgerø og Halvor Thormodsæter. Med røter i ulike musikalske tradisjonar og uttrykk, tek bandet inspirasjon frå mellom anna hiphop, 60-tals sound, italopop og bergensk indie. Tekstane er på italiensk, noko som gir La Vacanza sitt særeigne sound i musikk-Noreg. Musikken til La Vacanza beveger seg i eit kjenslerikt og fargerikt landskap. Låtane er både energiske, melankolske og gledefylte. Et av bandets mål er å bringe deira energiske og sommarlege uttrykk til eit internasjonalt publikum og byggje bruer mellom kulturar gjennom musikk. Bandet har nettopp sloppe sin debut EP «In Riva al Mare» som dei vonar kan vere soundtracket til sommaren din.