Lars Ove Stene Fossheim
Fredag 1. August, Røysløda
Foto: Maria Gossè
Lars Ove Stene Fossheim er gitarist og komponist busett i Volda. Han har bidratt på eit tosifra antall kritikerroste plateinnspelingar sidan 2011, mellom anna med banda Broen, Christian Winther, Skadedyr og det velrenommerte Trondheim Jazzorkester. I 2022 komponerte han bestillingsverk til JazzFest Trondheim og MetaMorf-festivalen saman med beatpoet Eirik Havnes. Fossheim har vore ein sentral aktør i den eksperimentelle musikkscena i nesten to tiår og han har vore leiar i nyMusikk Trondheim der han har kuratert og produsert konsertar og utstillingar. Han har spelt og samarbeida med komponistar som Christian Wolff, Pauline Oliveros, Jennifer Walshe, Heida K. J. Mobeck, Mats Gustafsson, Anja Lauvdal, Lene Grenager, Jan Martin Smørdal og Christina Kubisch. Gjennom band som Broen og Skadedyr har han hatt ei grenselaus og innovativ tilnærming til instrumentet og musikken, noko som også er tydeleg i hans solo-prosjekt.
Fossheim har dei siste åra fokusert arbeidet sitt mot samtidsmusikk på elgitar og ulike prosjekt der bruk av mellom anna analoge gitarsynthar, eldre datamaskiner og programvare frå 1980-talet er sentralt. Til årets Sommarljom tek han med seg 2 analoge gitarsynthar frå 1981 og utforskar dei musikalske og lydlege moglegheitene som bur i desse.