Sveledisko med DJ Kaffilars
Torsdag 30. juli, Røyslødå
Etter teaterframsyninga vert det Sveledisko med den uslåelege kombinasjonen sveler, kaffi og DJ Kaffilars! Med andre ord, så er dette IKKJE eit arrangement for dei som mislikar å ha det kjekt. Kaffilars er ein av to i Volda-duoen Duo Lada, og når han står bak spakane aleine vert det alt frå House og Techno til Side Brok i anlegget. Dette er ein unik sjans til å ta med heile familien, uansett alder, på ein skikkeleg god dans! For dei som ynskjer å heller sitje og nyte musikken, så er det heilt mogleg å kome for å ta ein kaffi og la borna ta av seg dansinga. Vel møtt!
Foto: Fotogjengen, Samfundet