ella&esther

Fredag 1. August, Røysløda

Ella & Esther er ein jazzduo med eit uttrykk prega av nærleik, lyttefokus og eit sterkt kunstnarisk samspel. Saman har Ella Eriksdatter Rørstad (vokal) og Esther Engeset Kverno (piano) utvikla eit eigenarta og personleg tonespråk, omtala som «ein lyttekonsentrert oase» (Ditt Hadeland). 
Gjennom mange års venskap og musikalsk samarbeid har duoen opparbeida ein særeigen musikalitet prega av tillit, openheit og tett kommunikasjon. Med kjærleik for jazz og improvisasjon skapar dei et intimt musikalsk rom. Repertoaret består av egenskrevet materiale og personlige tolkninger av jazzballader og standardlåter. Musikken pregast av sterke individuelle røyster og eit lyttande, intuitivt samspel, der tolkning og uttrykk står i sentrum.