Building Instrument

Fredag 1. August, Gamlegymnaset

Building Instrument er tilbake med sitt fjerde album, "Månen, Armadillo", ei utgiving som famnar både det ville, det skjøre og det vakkert flyktige. Månen, Armadillo let seg ikkje plassere i éin sjanger, men visar trioens opne og leikne tilnæring til musikk. Den Bergen-baserte trioen har eksistert i nærare 20 år og musikken deira har bestått som ei blanding av frie improvisasjonar og elementer komponert i samarbeid mellom dei tre musikarane. Resultatet er eit heimelaga, musikalsk lappeteppe. Gruppa, som består av Øyvind Hegg-Lunde, Åsmund Weltzien og Mari Kvien Brunvoll, blandar element fra elektronika, folkemusikk, improvisasjon og klassisk samtidsmusikk. Sidan debutalbumet "Building Instrument" i 2014, også utgjeve på Hubro, har trioen fra Bergen stadig utforska nye musikalske retningar, samtidig som dei har klart å bevare sitt unike uttrykk.